Exhibitions      Info        Instagram    Texts & Reviews


Coming up



Toril Johannessen
Skogsaken




Exhibitions
— 2019



Films by
Mai Hofstad Gunnes



Isme Film
Collectively Conscious Remembrance



Trond Lossius
Jeremy Welsh
The Atmospherics
River deep, mountain high



Exhibitions 
— 2018



Marjolijn Dijkman
Toril Johannessen
Reclaiming Vision

Damir Avdagic
Reenactment/Process
Reprise/Response


Eivind Egeland
Father of Evil

Marysia Lewandowska
Rehearsing the Museum


Anton Vidokle
Immortality for All: a film trilogy on
Russian Cosmism

Curated by
Ingrid Haug Erstad

Johanna Billing
Pulheim Jam Session,
I’m Gonna Live Anyhow Until I die,
I’m Lost Without Your Rhythm, This is How We Walk on the Moon,
Magical World


Jenine Marsh
Kneading Wheel, 
Coins and Tokens

Jenine Marsh
Sofia Eliassen
Lasse Årikstad
Johanna Lettmayer
Lewis & Taggar
Jon Benjamin Tallerås
Orientering 
—  a group show in public space


Jon Rafman
Dream Journal
2016-2017


Goutam Ghosh &
Jason Havneraas
PAARA

Ian Giles
After BUTT

Films by Yafei Qi
Wearing The Fog, 
I Wonder Why, 
Life Tells Lies

Exhibitions
— 2017

Daniel Gustav Cramer
Five Days

Kamilla Langeland
Sjur Eide Aas
The Thinker, Flower Pot and Mush

Danilo Correale
Equivalent Unit
Reverie: On the Liberation from Work


Valentin Manz
Useful Junk

Jeannine Han
Dan Riley
Time Flies When Slipping Counter-Clockwise

Pedro Gómez-Egaña
Pleasure

Ane Graff
Mattering Waves


Andrew Amorim
Lest We Perish

Tom S. Kosmo
Unnatural Selection

Jenine Marsh
Lindsay Lawson

Dear Stranger


Exhibitions
— 2016


ALBUM
Eline Mugaas
Elise Storsveen
How to Feel Like a Woman

DKUK (Daniel Kelly)
Presents: Jóhanna Ellen
Digital Retreat Dot Com

Cato Løland
Folded Lines, Battles and Events

Harald Beharie
Louis Schou-Hansen
(S)kjønn safari 2.0

Lynda Benglis
On Screen
Bergen Assembly

Linn Pedersen
Bjørn Mortensen
Terence Koh
NADA New York

Ida Nissen
Kamilla Langeland
Marthe Elise Stramrud
Christian Tunge
Eivind Egeland
Fading Forms

Anders Holen
Stimulus

Sinta Werner
Vanishing Lines

Exhibitions
— 2015


Bjørn Mortensen
Pouches and Pockets
/ Compositories in Color


Linn Pedersen
Plain Air

Øystein Klakegg
Entrée # 55

Leander Djønne
Petroglyphs of the Indebted Man

Lewis & Taggart
Black Holes and other painted objects


Azar Alsharif
Bjørn Mortensen
Steinar Haga Kristensen
Lewis & Taggart
Vilde Salhus Røed
Heidi Bjørgan
NADA New York

Linda Sormin
Heidi Bjørgan
Collision

Steinar Haga Kristensen
The Fundamental Part of Any Act

Exhibitions
—2014


Tora Endestad Bjørkheim
Bjørn-Henrik Lybeck


Mathijs van Geest
The passenger eclipsed the object that I could have seen otherwise

Marit Følstad
Sense of Doubt

Oliver Laric
Yuanmingyuan3D

Terence Koh
sticks, stones and bones 

Kristin Tårnesvik
Espen Sommer Eide
Korsmos ugressarkiv

Exhibitions
— 2013


André Tehrani
Lost Allusions


Pedro Gómez-Egaña
Object to be Destroyed


Flag New York City

Christian von Borries
I’m M
Institute of Political Hallucinations
Bergen Assembly

Dillan Marsh
June Twenty-First

Vilde Salhus Røed
For the Sake of Colour


Azar Alsharif
The distant things seem close (…) the close remote (…) the air is loaded


Magnhild Øen Nordahl
Omar Johnsen
Trialog

Lars Korff Lofthus
New Work

Exhibitions
— 2012


Anngjerd Rustan
The Dust Will Roll Together

Cato Løland
Oliver Pietsch
Love is Old, Love is New

Stian Ådlandsvik
Abstract Simplicity of Need

Sinta Werner
Something that stands for Something / Double Described Tautologies

Kjersti Vetterstad
Lethargia

Anna Lundh
Grey Zone

Arne Rygg
Borghild Rudjord Unneland
Lisa Him-Jensen
Cato Løland
Lewis & Taggart
Klara Sofie Ludvigsen
Magnhild Øen Nordahl
Mathijs van Geest
Andrea Spreafico
Flag Bergen

Exhibitions
— 2011


Karen Skog & Mia Øquist
Skog & Øquist systematiserer

Danilo Correale
We Are Making History

Sveinung Rudjord Unneland
U.T.

Ethan Hayes-Chute
Make/Shifted Cabin

Ebba Bohlin
Per-Oskar Leu
Kaia Hugin
Pica Pica

Gabriel Kvendseth
First We Take Mannahatta

Roger von Reybekiel
Do Everything Fantastic

Exhibitions
— 2010



Michael Johansson
27m3

Tone Wolff Kalstad
This Color Is Everywhere


Knud Young Lunde
Road Show Event Plan


Alison Carey
Ivan Twohig
Benjamin Gaulon
On The In-Between


Mercedes Mühleisen
Øyvind Aspen
Birk Bjørlo
Damir Avdagic
Annette Stav Johanssen
If Everything Else Fails...

Mart
Ciara Scanlan
Matthew Nevin
An Instructional

Patrick Wagner
Nina Nowak
Samuel Seger Patricia Wagner
South of No North

Gandt
Agnes Nedregaard Midskills
Patrick Coyle
Boogey Boys Santiago Mostyn
Bergen Biennale 2010 by Ytter

Lars Korff Lofthus
West Norwegian Pavilion


Serina Erfjord
Repeat


Mattias Arvastsson
Presence No.5


Malin Lennström-Örtwall
It`s like Nothing Ever Happened

Exhibitions
— 2009


Tor Navjord
FM/AM

Ragnhild Johansen
Erased Knot Painting


Entrée Radio


Lewis and Taggart
Ledsagende lydspor


In Conversation:
Gómez-Egaña and Mathijs van Geest


In Conversation:
Andrew Amorim and Mitch Speed


In Conversation:
Ane Graff and Alex Klein


In Conversation:
Martin Clark and Daniel Kelly


Ludo Sounds with
Tori Wrånes




In Conversation:
Stine Janvin Motland, Kusum Normoyle, Mette Rasmussen, Cara Stewart



Randi Grov Berger
Contact/Info/CV
Other projects







Mark
April 27th- May 27th, 2018

Karen Skog

Mastens lyder, kaster loss



Haugesund Billedgalleri
—part of Vestlandsutstillingen 2018
Curated by Randi Grov Berger




Installasjonsbilde, Mastens lyder, kaster loss. Foto: Gunvor Saltvik.

Krossfjorden, Spitsbergen, Fotografi

Materialprøver fra havets bunn, Trematerialer




I utstillinga Mastens lyder, kaster loss, ved Haugesund Billedgalleri, får me blant anna gjere oss kjende med den engelske seglbåten, English Lass, som vert knytta til historia til ein ung eventyrar frå Haugesund. Ulike fraksjonar av ei historie, ei skisse over levd liv og framtidsplanar vert presentert for oss. Til liks med villfarne oppdagarar frå tida då det stadig fanst ufullstendige kart, har kunstnaren manøvrert seg fram mot fleire serendiptiske moglegheiter. Ein har ein plan og så kan alt skje. Serendipitet er det å oppdage noko tilfeldig, ei positiv overrasking når ein eigentleg skulle noko anna. Framsteg for heile menneskeheita har vore gjort på denne måten. Innvikla i historia til Skog er også eit gamalt sildesalteri på Torvastad i Storasund, ei lita hytte ved ein bekk, ei ballongferd som ikkje blei helt slik den skulle, ein urmakar i Buenos Aires og ei Orthoptera frå Malaysia.

Skog byggjer og særeigne instrument i eik og einer, og med sitt prosjekt Karen Skog Orkester har ho spelt konsertar i inn- og utland. Ho vil opptre med improviserte konsertar i utstillinga ved Haugesund Billedgalleri. Juvelen i orkesteret er thereminen, kjend som verdas fyrste elektroniske instrument, og eitt av svært få ein kan spele på utan å røre ved det.

Karen Skog (f.1982, Kristiansand) er ein biletkunstar som nyttar seg av både teikning, tekst, foto, sjølvbygde instrument, skulptur og funne materiale i sine komplekse installasjonar. Skog har si utdanning frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen, University for Applied Arts Wien, og Nordland kunst- og filmskole.

Utstillinga vert kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018 (VU18), ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. VU18 består av seks separatutstillingar, og inkluderer visningsstadane Kunsthuset Kabuso, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Jugendstilsenteret og KUBE, Entrée og Kunsthall Stavanger. VU18 presenterer kunstnarane Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl, Trudi Jaeger, Eivind Egeland, Karen Skog og kunstnarduoen Blomgren & Skuladottir, som samla utgjer ein breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena.










INNLANDSTREET OG DET VILLE HAVET
Av Kjersti Rorgemoen



Finst det ei linje mellom Werner Herzogs filmkarakter Fitzcarraldo sitt hovudlause, stormannsgalne forsøk på å trekke eit dampskip over eit fjell midt i Amazonas-jungelen og kunstnaren Karen Skog si uthenting av ei mast frå den mørke granskogen i Øyfjell, Vest-Telemark, barka, turka, olja og frakta til Haugesund Billedgalleri? Fantasten Fitzcarraldo har allereie mislukkast i å byggje den trans-andiske jarnbanen, og med å produsere is i den tropiske regnskogen. For å finansiere draumen om å byggje opera i jungelen for den store tenoren Caruso, vil han vinne ut gummi, bli gummibaron. Det er for å kome seg til eit utilgjengeleg elvefar langs ein urørt gummiskog han må trekke eit dampskip over eit fjell. Ei slepe blir rydda i den tette, stupbratte jungelen. Folk døyr i dei hasardiøse forsøka, men med trinsesystem og dampskipmotoren si eiga kraft går det heile på utruleg vis, og dampskipet glir til slutt ned i det til då utilgjengelege elvefaret. For å blidgjere elvegudane etter den naturstridige bragda, kuttar høvdingen for dei innfødde fortøyinga til dampskipet, og Fitzcarraldo mistar kontroll over båten som blir trekt ned stryket. Han blir verken gummibaron eller operabyggjar. Filmen endar likevel i sivilisatorisk triumf, med heile operaorkesteret spelande og Caruso syngande om bord på den skamfarne båten som Fitzcarraldo stolt fører til hamn til skode for innbyggarane i elvebyen djupt inni jungelen. Fiaskoen til trass; sigersgleda lyser i andletet på den eksentriske eventyraren der han står på dekk tyggande på sigaren sin.

I motsetnad til nede ved Noregskysten, veks grana såpass sakte i det høgtliggande innlandet i Øyfjell, at ho blir sterk og brukande til krevjande føremål. Gamle kjempegraner frå skuggesida har blitt til både hardingfeler og gitarar. Det er den andre granmasta Karen Skog har henta frå bratte, solfattige Øyfjells-lier som ho stiller ut i Haugesund Billedgalleri. Den fyrste var til seglbåten English Lass, som kom til å knekke si gamle mast i ein storm mellom Vega og Lindesnes. Under tilverkinga av ny mast, slo det kunstnaren kor synd det var at ikkje fleire fekk sjå kor vakkert det lange granemnet var, der det låg horisontalt, mens linolja drog seg inn i treet og henta ut gult liv. Ei mast er jo ikkje like lett å ta i augesyn når ho står reist på ein seglbåt. Karen Skog har arbeidd mykje med tre. Ho har bygd særeigne instrument i eik og einer, og med orkesteret sitt spelt konsertar i inn- og utland. Juvelen i orkesteret er thereminen. Instrumentet er kjend som verdas fyrste elektroniske og eitt av svært få ein spelar utan å røre ved. Likevel krev instrumentet hårfin fingerspitzgefühl. Den som spelar på thereminen, utgjer sjølv ein del av den elektroniske svingekrinsen, ved å lee hendene mellom to oppstilte antenner. Gjennom eteren flyt songen legato, styrt av den rakrygga thereministens evne til å la seg svinge med, og kroppskontrollen hennar, presisjonen. Som ein dirigent, men med tonane midt i hendene. Det er ein underleg og konsentrert lyttande form for musikk. Dei rettkanta instrumenta til Karen Skog Orkester materialiserer ei tru på moglegheitene i det sjølvgjorte, til og med thereminens elektroniske komponentar har ho eigenhendig lodda i hop.

Utstillinga i Haugesund inneheld, i tillegg til mast og theremin, også arbeidsteikningar, kart, modellar og fotografi frå kunstnaren sine eigne ekspedisjonar. Planar for eit gamalt sildesalteri på Karmøy, for ei sovehytte ved bekken heime i skogen i Øyfjell, for ein ny trebåt i stilen til den danske sluppen Ruth. Modellar er leiketøy for idéstadiet, tanken sitt fyrste møte med hendene. Og med kartet sitt guddommelege, teoretiske oversyn blir verda meir handterleg for ein som reiser. I Michel Houellebecq sin roman Kartet og terrenget, er kunstnaren Jed på ein bensinstasjon då han oppdagar korleis sivilisasjon og natur blir sameina i eit kart:

"Det var her, mens han brettet ut kartet, like ved siden av rekkene med cellofaninnpakkede trekantsandwicher, at Jed fikk sin andre store estetiske åpenbaring. Kartet var sublimt; han var rystet og begynte å skjelve foran disken: Aldri hadde han betraktet en gjenstand som var mer storslagen, emosjonelt ladet og fylt med mening enn dette Michelin-kartet i målestokk 1/150 000 over Creuse, Haute-Vienne. Selve essensen i moderniteten, i den teknisk-vitenskapelige verdensanskuelsen, ble blandet med essensen i dyrelivet. Det var en kompleks og vakker framstilling, som med en svært begrenset fargekodeks oppnådde en absolutt klarhet."

Men kartet er ikkje berre teknologiens kjølige blikk over villnis, fjellbratter og havbotnar. Kartet er også eit middel for tankeflukt og draum. I forfattaren Pål Norheim sine periodar med dårleg økonomi og skrivesperre, studerte han kart, og han skriv dette om si paradoksale lengt etter eit enklare liv i ei ørlita leilegheit og ein bubil, på stader med kort veg til andre stader, som Sevilla: "Avstanden til nabobyer som Granada, Cordoba og Malaga var kort, og det var heller ikke langt til Portugal, Marokko og Algerie. (...) I ettertid slår det meg at jeg drømte om hus, leiligheter, hytter - ikke først og fremst som hjem å innrede med egne ting og bo i inntil man slo seg til ro, men som steder å reise vekk fra." Denne sjølvmotseiande forma for draum om å bu for å rømme er det lett å kjenne seg att i. Bu i ei einbølt koie, i ein garasje i Sevilla, i eit forblåst fyr, reise vekk frå det materielle kavet, dei institusjonelle pliktene og dei sosiale forventningane og heller la seg styre av vêr og årstid.

Båtlivet til Karen Skog kan ikkje seiast å ha vore prega av lettkjøpte løysingar og komfortabel skjergard. Fascinert av tanken på å segle utan å kunne snu, segla ho sommaren 2011 rundt Spitsbergen, Svalbard si største øy, i lag med kjærasten sin. Dei vakna på eit tidspunkt opp av at ein mager isbjørn punkterte livbåten deira med eit poff. Seinare på turen, kunne dei sjå femten isbjørnar gnage på eit stranda kvalkadaver som kjempemessige rotter. Men det mest nerveslitande på reisa var kanskje det å runde Sørkapp, med sine valdsame understraumar og uføreseielege havbotn, milevis unna alle menneskelege hjelpeinstansar. Fullt og heilt prisgjeve den vesle seglbåten samt eigen rådsnarheit, intuisjon og flaks. Fotografi frå denne reisa er å sjå i utstillinga. Kanskje er den sann, den romantiske tanken om at den som reiser har noko å fortelje. I alle fall må det vere sant at ei reiseskildring oppstår i den reisande si evne til å sjå og lage ein samanheng mellom alle lause ting ho fer forbi, ein eldgamal spiker her, ei knekt treskive der. Små artefaktar frå den polare historia. Denne historia var sterkt til stades på strendene rundt den golde tundraen. På Virgohamna, Danskøya, nordvest på Spitsbergen, fann dei restar etter Salomon August Andrée sitt forsøk på å fly over Nordpolen i ballong i 1897. Den svenske ingeniøren hadde allereie mislukkast i dette året før, då vinden han hadde stolt på at skulle sende han mot nord, konstant bles i den motsette retninga. Den 11. juli i 1897 bles det derimot rett mot nord, og saman med ingeniøren Knut Frænkel og fotograf Nils Strindberg, let Andrée seg drive av garde under ballongen, Örnen. Ideen hans var at slepeliner, hengande ned under gondolen, skulle bremse farta og fungere som styringsmekanisme. Problema melde seg tidleg, ballongen blei pressa ned mot havoverflata og i panikk heiv mannskapet ut altfor mykje ballast. Dessutan skrudde slepelinene seg laus, og ballongen var styrlaus. Dei rakk ikkje eingong å uroe seg over gasslekkasjen i dei åtte millionar nålestikkhola som heldt ballongen saman, som Andrée hadde blitt kritisert for i forkant. I staden fraus fukt frå lufta seg til is på ballongen, og tynga farkosten lågare og lågare, til havari på isen etter to dagar. Dei tre ekspedisjonsmedlemmene prøvde med sledar på slep å kome seg til Franz Josefs Land, men måtte slå leir på det fyrste fastlandet dei fann, Kvitøya, der dei i løpet av nokre veker døydde ein etter ein. Leivningar, utstyr og dagbøker blei funne 33 år seinare. Om dei døydde av trikin- eller blyforgifting, eller av rein utmatting, er uvisst. Berre ein av dei låg i ei grav. Men grav fekk dei til gagns heime i Sverige. Lika blei frakta med det same skipet dei tre hadde reist nordover med som levande, og blei møtt av eit utal motorbåtar i Stockholm-skjergarden og over hundre tusen menneske inne i byens gater. Ekspedisjonens ubøyelege vilje og mot blei heidra med nasjonal pomp og landesorg, og kongen hylla dei for forsøket på å løyse vanskelege gåter.

Eg budde ei tid i Bergen, med utsikt over dei gigantiske cruiseskipa som kom og gjekk dagleg i sommarsesongen. Enyas Orinoco flow runga utover heile byen ved avreise: Sail away, sail away, sail away ... Eg hadde eit inntrykk av at dei båtane der var lukka verder for passasjerane, Vestlands-byane og alle fjordane ikkje noko anna enn kulissar til å gli forbi. Er det å segle av garde ein form for eskapisme? Då Karen og kjærasten kom innom Bergen under mastebrekk-seglasen sin mellom Vega i Nordland og Lindesnes på Sørlandet, såg dei begge såpass forblåste og solbrende ut at eg aldri kunne ha skulda dei for noko slikt. Tvert om såg dei ut til å ha vore i nærkontakt med det elementære, utsett seg for naturkreftene til ein grad eg for min del er framand for. Då me åt middag hos meg, i huset med hamneutsikta, blei dei begge sjøsjuke av å vere på land. Ein av datoane dei segla rundt Spitsbergen, utanfor alt av internett- og radiosignal, var den blytunge 22. juli 2011. Sjølv sat eg raudøygd og følgde med på straumen av terrorskrekk på skjermen, utan evne til å slutte å sjå. Blant dei mange kjenslene hendinga vekte, var ei kjensle av fellesskap, og ei kjensle av behov for at dei to seglande også skulle få vite kva som hadde skjedd. Dei fekk naturlegvis vite alt tidsnok. Etter seglasen fortalde dei om korleis tida hadde fått sin eigen logikk, at døgnet hadde utvida seg under midnattssola, at tidsrekninga dei laga seg hoppa over eit klokkedøgn i løpet av dei fem vekene.

Verda er eit relativt omgrep, ein kan avgrense det til det heilt subjektive, kalle noko for verda mi. Det går ikkje med eit omgrep som samfunnet. Men som i tydinga jordkloten trumfar liksom verda samfunnet likevel, samfunnet er noko som finst i verda, verda er større, eldre, rommar det som ikkje er oppe for diskusjon, vind, bølgjer, kvalrossar. 

Serendipitet er det å oppdage noko tilfeldig, ei positiv overrasking når ein eigentleg skulle noko anna. Framsteg for heile menneskeheita har vore gjort på denne måten, som til dømes penicillinet, som farmakologen Alexander Fleming oppdaga etter å ha kome tilbake til laboratoriet etter ein ferie. Ein uvaska bakteriekultur hadde byrja å mygle, men bakteriane vaks ikkje nær muggkoloniane, og han fann dermed ut at soppen gav frå seg eit bakteriedrepande stoff. Då den nederlandske sjøfararen Willem Barents i 1596 prøvde å finne Nordaustpassasjen, segla han altfor langt nord og fann i staden Spitsbergen. Med denne og andre bomturar kunne ein teikne eit nytt kart og namngje eit heilt hav. Viss ein kunstnar gjer alt etter ein plan, er det då nokon vits i å lage kunsten? Strengt tatt er det nok med planen. Eller så er det planen som er kunsten. Til liks med villfarne oppdagarar frå tida då det stadig fanst ufullstendige kart, kan ein kunstnar også manøvrere seg fram mot dei serendiptiske moglegheitene. Ein har ein plan og så kan alt skje. Anten kunstnaren feller ei gran inst i ein skog eller bestiller eit flygande insekt frå Malaysia via internett. Insektet er også utstilt i Haugesund Billedgalleri. Karen Skog seier at ein del av det ho driv med er historieforteljing, og i dette ligg kanskje viljen til å trekke linjer mellom tilfeldigheitene. Som forteljinga om ein gamal kutter med ei ny mast. Tilfeldigvis blei denne 38 fot lange regattabåten frå 1937 ei gong eigd av den populære britiske forfattaren Daphne du Maurier, mellom anna kjend for manuset til Hitchcocks psykologiske thriller, Rebecca, som båten også hadde som namn ei tid. Biografane skildrar den aristokratiske forfattaren som ei modig og sterk kvinne som elska livet utandørs, som likte å leve tilbaketrekt, dyrke sjølvstendet sitt. Seglbåten blei på åttitalet eigd av norske Bjørn Knutsen, som granska historikken og skaffa originalteikningane av marinearkitekten Laurent Giles, kjend for sine underdanige og manøvreringssterke farkostar. Bjørn Knutsen heldt tilfeldigvis til i Haugesund, der Karen Skog si utstilling er å sjå.

Men kva med linja mellom Fitzcarraldo sitt overfjelliske dampskip og Karen Skog si horisontale mast? Eg veit i alle fall at kunstnaren likar filmen. Kanskje på grunn av den eventyrlege kollisjonen Herzog lagar mellom den finkulturelle kolonialismen og den utemde urskogen. Eller det umoglege i forsøket på å eige naturen, illustrert tidleg i filmen idet ein fisk glefsar i seg ein bunke med pengesetlar. Eller kor malplasserte operakulissane av europeiske middelalderborger er, der dei driv nedetter den brune Amazonas-elva i dei innfødde sine små kanoar. Malplassert kan ein også kalle masta i Haugesund, på den måten at ho er fråteken ei kvar form for framdrift og nytte, i heilt motsett posisjon enn det som er gagnleg, nemleg nedlagt. Akkurat kor praktisk gjennomførleg det var å transportere granmasta over fjellovergangen mot vest, gjennom tunellspiralen i Røldal, tre den inn i gallerirommet, veit berre dei som prøvde på det.

---
Kjersti Rorgemoen (f. 1982) bur på Tvigyva i Tokke. Forfattar av Purkene snudde seg (2009) og Håpet og festen (2015), Kolon Forlag. Tidlegare redaksjonsmedlem av Vagant og fanzina Ikke til hjemlån.












Karen Skog Orkester, Særeigne instrument i eik og einer.


Med sitt prosjekt Karen Skog Orkester har kunstneren spelt konsertar i inn- og utland. Ho opptredde med improviserte konsertar i utstillinga ved Haugesund Billedgalleri. I tillegg var det er lydspor (innspelt i rommet) i utstillinga over høgtalarane.










Ny mast til seglbåten English Lass, Mast laga i gran fra Mogen i Øyfjell.













Rester fra en urmaker i Buenos Aires, Ulike materialer.




Skogs hytte, Modell for fremtidig prosjekt.

Rester etter et skipsforlis fra Nordishavet, Trematerialer, drivved.






Sildesalteriet, Modell for fremtidig prosjekt.








English Lass, Konstruksjonstegninger for seglbåt








Engelskbukta, Spitsbergen, Fotografi

Rester fra en urmaker i Buenos Aires, Ulike materialer










Fugl, Tegning

Salomon August Andrées luftferd, Avtegning fra ballongferd på kart

Virgohamna, Spitsbergen, Fotografi






Ny mast til seglbåten English Lass, Mast laga i gran fra Mogen i Øyfjell





Til venstre: Hamburgbukta, Spitsbergen. Fotografi




Detaljer fra Karen Skog sine hjemmelagde instrumenter.





Karen Skog under innspilling av lydsporet som var i utstillinga.




Avtegning fra avisartikkel, der samme båt (under navnet Rebecca) dukket opp i Haugesund tidligere.








Mark